
Velkommen til Badevika i Dale
Bestilling
Bestill ynskja dato og tidspunkt for tid i Badstaua. Opphaldet varer i 90 min, anten det er DROP IN eller PRIVAT.
Drop- in eller Privat
Vi har ope for privat og drop-in bestilling. Ved privat bestilling velger du sjølv kven du vil nyte badstaua med. Ved drop-in kan andre personar bli med på same tidspunkt som deg.
NB! Registrer tal personar ved privat bestilling.
Du må vere 18 år for å booke. Born er velkomne i følge med vaksne
Opningstider
Alle dagar kl 06:00 – 23:00
Inngang
Badstaua er sjølvbetjent og basert på tillit. Du vil få ein kode for å opne døra.
Deretter:
Andre fasilitetar
Det er toalett i naustet i Badevika. Om de er mange så kan dette vere ok å bruke til skifterom også. Gangen er liten i sjølve badstaua.
Søle
Etter byggeperioden er det veldig gjørmete i øverste del av plenen. Ved frost blir det isete. Gå ned til sjøen og så opp til badstaua.
Parkering
Parker oppe, på skrått langs muren opp mot sjukeheimen. Sørg for at utrykkingskøyretøy kjem seg ned til deg om det skulle vere behov for det.
Medlem
Kr 900,-
Dette varer eit år frå den datoen du kjøper det. Det blir automatisk fornya, men du vil få varsel om dette på den e-posten du bestilte på.
Bestilling med Medlemskort
Du må vere tilstades sjølv om du bestiller på ditt medlemskap.
Drop-in kr 80,-
Privat kr 300,- ( Du bookar heile Badestaua)
NB! Når du klikkar på timebestilling så vil det vise full pris heilt til du har registert koden som står på medlemskortet ditt ( periodekort). Når du legg denne inn så ser du medlemsprisen.
Utan periodekort
Drop- in: kr 200,-
Privat: Kr 1000,- ( Du bookar heile Badestaua)
Timar som er bestilt, men ikkje nytta blir ikkje refundert.
Er det feil hos oss. som gjer at du ikkje får tilgang så finn vi ei løysing som fungerer for deg. Enten refusjon av beløp eller ny tid
Vil du bestille for eit arrangement eller ei gruppe? Ta kontakt med oss.
Badestaua har plass til 7 personar